TO AV FLEIRE: Det tyske paret Florian Schmenger og Sarah Börner køyrde forbi Allmannajuvet i fjor då det var stengt. Difor måtte dei tilbake i år. Dei er to av mange tyskarar som denne sommaren har vore innom turistattraksjonen langs Nasjonal turistveg. (Foto: Even Emberland)
TO AV FLEIRE: Det tyske paret Florian Schmenger og Sarah Börner køyrde forbi Allmannajuvet i fjor då det var stengt. Difor måtte dei tilbake i år. Dei er to av mange tyskarar som denne sommaren har vore innom turistattraksjonen langs Nasjonal turistveg. (Foto: Even Emberland)

Har turistauke i Allmannajuvet

Dei som jobbar i kaféen registrerer ei auke av turistar samanlikna med i fjor. Særleg populært er Zumthors verk for nordmenn og tyskarar.

Der Allmannajuvet i fjor hadde prøvedrift og ope seks sommarveker, er det i år ni veker dei held ope. Dagleg leiar i Sauda Ferie & Fritid Ragnar Fosstveit jobbar ved turistattraksjonen gjennom sommaren.

Han opplyser at dei i førre veke passerte 2 000 personar som har tatt turen innom kafébygget i Allmannajuvet. Slik det ser ut nå, trur Fosstveit ein landar på mellom 4000 og 5000 besøkande i løpet av sommaren.

– Det har ikkje vore kaos, men det går på det jamne. Det er veldig mange nordmenn og tyskarar, og nokon kjem frå Sveits, Frankrike, Danmark og Sverige. Slik som me tel, mistar me nok ein del. Eg ser det bare sjølv etter at eg kom tilbake frå ferie. Parkeringsplassen er til tider full, sjølv om det er veldig få her i kafébygget, seier Fosstveit.

På denne sida finn du heile tida siste nytt om Allmannajuvet.

Sjølv har leiaren av Sauda Ferie & Fritid tippa at dei i løpet av sommarvekene registrerer 6000 besøkande. Til samanlikning registrerte dei 2700 personar i kafèbygget under prøvedrifta i fjor.

– Så lenge me har ei auke samanlikna med i fjor er det bra, synest eg. Me ser også at Ryfylke generelt har ein nedgang av turistar så langt i sommar, utan at me veit kvifor.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.