Finn Isaksen har investert mykje tid og pengar for å starte bilspa, på toppen av full jobb og studiar. – Meir populært enn eg hadde trudd.

DETALJERT: Då Ryfylke besøkte Finn Isaksen og hans bilspa, jobba han med å få ein Porsche til å skine. – Målet er at bilen skal vere i same stand som den er heilt ny, og helst litt betre, seier han. (Foto: Even Emberland)

Med bil som hobby og lidenskap

Finn Isaksen har investert mykje tid og pengar for å starte bilspa, på toppen av full jobb og studiar. – Meir populært enn eg hadde trudd.

av Even Emberland

Alt før ein kjem til oppkøyrsla kor Finn Isaksen og sambuaren bur er det enkelt å sjå kva som er den 26 år gamle saudabuen sin store hobby og lidenskap. På avstand ser ein to bilar som skin i regnet, som om dei nyleg er vaska, sjølv om vêret er grått og vegane har vore våte dei siste dagane.

I fjor haust bygde han ny garasje på tomta, særleg utforma for å gjere avansert vedlikehaldsarbeid på bilar, eller «detailing» som Isaksen forklarer at det heiter på fagspråket.

– Det er vanskeleg å finne eit godt norsk ord for det, men du kan vel kalle det avansert bilpleie. Veldig ofte inneber det veldig mange timar arbeid. Eg går meir i detaljane enn kva som er vanleg, fordi det ikkje finst snarvegar til eit bra resultat. Eg gjer permanente utbetringar og sliper i lakken. Målet er at bilen etter behandling skal vere i same stand som den er heilt ny, og helst litt betre, seier Isaksen.

I garasjen og i tilhøyrande utstyr til jobben har han investert meir enn ein halv million kroner for å ha best mogleg føresetnader for å gjere jobbar på bilar med ulike utfordringar og krav.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her