Saudabuen Jarle Rueslåtten Paulsen lagar ost i Hallingdal, og merkar at lokalprodusert mat er etterspurt.

OSTEBØNDER: Jarle Rueslåtten Paulsen driv Rueslåtten ysteri i Hol kommune saman med sambuaren Rakel. Saman har dei to barn, Håkon og Otilie. (Foto: Privat)

Satsar stort på lokalmat

Saudabuen Jarle Rueslåtten Paulsen lagar ost i Hallingdal, og merkar at lokalprodusert mat er etterspurt.

av Ingvil Bakka

– Eg trudde det skulle vera lettare enn det det faktisk blei, men det var betydeleg meir arbeid enn eg venta. Det er ein lang veg å gå for å lukkast, men samtidig har det vore frykteleg moro, seier Jarle Rueslåtten Paulsen.

36-åringen, som er oppvaksen i Sauda, flytta frå heimbygda då han var 16 år for å gå på landbruksskule. I 2004 tok han over garden Rueslåtten i Hol kommune, etter onkelen sin på morssida. Garden er, ifølge Jarle, liten og der den ligg er det både bratt og smalt.

Garden åleine var slik sett ikkje nok til å livnæra seg på, og hausten 2013 fekk han bygd eit ysteri med anlegg og utstyr til mjølke- og osteproduksjon på eigedommen.

Målet med den store investeringa, som var støtta av næringstilskot frå Innovasjon Norge, var å sikra gardsdrifta og skapa arbeidsplassar. Før ysteriet blei bygd var gardsdrifta åleine bare nok til å sysselsetta ein kvart person.

– Nå er me to fulltidstilsette og to deltidstilsette. Me har 15 eigne mjølkekyr og kjøper geitemjølk av nabogarden, fortel Jarle, som driv garden og ysteriet saman med sambuaren sin, Rakel (33).

Les meir i papiravisa eller last ned eavis her