INGEN OPERASJON: Hildeborg Juvet Hugdal prøver å lege olbogeskaden utan operasjon då det gir best sluttresultat om det er vellukka. Dermed har ei halvliters vassflaske blitt hennar beste venn og fiende. Med den gjer ho øvingar kvar dag for å trene opp olbogeleddet igjen. (Foto: Even Emberland)

– Eg skal tilbake, det er eg heilt klar på

Styrkeløftaren er i full opptrening, om enn på eit svært forsiktig nivå. Den daglege løftetreninga skjer med ei vassflaske.

Hildeborg Juvet Hugdal skada seg stygt under europameisterskapet i styrkeløft i Spania i mai. Hennar venstre olboge stod feil veg med 220 kilogram belastning på seg. Først trudde ein at saudabuen måtte gjennom operasjon i kampen om å komme tilbake, men nå prøver ho utan, etter anbefaling frå ein spesialist i Oslo.

– Om det blir vellukka utan operasjon blir sluttresultatet betre, seier dei. Operasjon er alltid litt «risky», og olbogen er eit ganske komplisert ledd. Det snudde litt brått, og nå prøver eg opptrening først, forklarer ho.

For styrkeløftaren er opptreninga ein tålmodsprøve av ei anna verd. I dag klarer ho ikkje å strekke olbogeleddet heilt ut eller bøye det heilt inn.

Blant øvingane ho gjer for å jobbe med leddvinkelen er å halde ei vassflaske med ein halv liter vatn i så utstrekt som ho klarer, samtidig som olbogeleddet er fritt og ligg på eit handklede som støtte. Øvinga gjer ho til saman éin time kvar dag.

– Eg skal kaste flaska til pises når eg er ferdig med ho. Det er heilt sikkert, seier Hugdal og ler.

Les meir i papiravisa eller last ned eavis her