TAR I BRUK: I fleire år har andre og tredje etasje i sjukehusbygget stått meir eller mindre ubrukte. Andre etasje er nå under renovering og skal bli ei ny institusjonsavdeling, og nå vurderer kommunen om dei også skal gjera noko med tredje etasje. Tanken er at desse areala kan bli kontor. (Foto: Ingvil Bakka)

Vurderer bruk av tredje etasje

I tredje etasje i sjukehusbygget har tida stått stille i 50-60 år. Nå vurderer kommunen å bruka areala til kontor.

– Medan andre etasje i sjukehusbygget var gjennom ei renovering på 1980-talet, har det ikkje blitt gjort noko med tredje etasje sidan 1950-talet. Det gjer ei eventuell større ombygging der langt meir omfattande enn i etasjen under. Men me vurderer å pussa opp og bruka areala til kontor, forklarer Aina Olene Tveit, kommunalsjef Helse i Sauda kommune.

Tredje etasje i sjukehusbygget har som andre etasje eit samla areal på 800 kvadratmeter. Etasjen var i fleire tiår brukt som kontor og bustader for helsepersonell. Etter 1980-talet har det vore lite aktivitet i etasjen.

– I ”moderne” tid har areala tidvis blitt brukt til hyblar og kontor for blant anna vikarlegar. Men det er gammalt og slitt, og er i realiteten altfor dårleg, seier Tveit.

Kommunen har nyleg fått signal om dei får 13,5 millionar kroner til opprustinga av andre etasje i sjukehusbygget. Denne ombygginga, som er i gang, skal resultera i ti institusjonsplassar.

Les meir om desse sakene i papiravisa i dag, tysdag, eller last ned eavis her