Den opprinneleg kanadiske fisken er uønska i norske vassdrag. To slike er nyleg tatt i Høllandsfossen.

UØNSKA: Pukkellaksen er på Norsk svarteliste. Den lever i havet, men går opp i norske vassdrag for å gyta. Den er talrik og påvirkar andre fisk og heile økosystem, Pukkellaksen har skarpe tenner i kjeven. (Foto: Ola Breivik)

Fekk pukkellaks på kroken

Den opprinneleg kanadiske fisken er uønska i norske vassdrag. To slike er nyleg tatt i Høllandsfossen.

av Ingvil Bakka

– Eg trudde først det var aure, for det var så lite motstand i han. Eg var litt irritert, for auren er me forplikta til å sleppa uti igjen. Men så var det altså denne merkelege skapningen, seier Ola Breivik.

Det var i 06-tida torsdag morgon at han fekk ein 1,8 kilo tung pukkellaks på kroken ved Høllandsfossen. Breivik fortel at fisken var tynn og bleik, og at storleiken gjorde at han truleg burde vore tre kilo. Han blei raskt klar over at det var den uønska pukkellaksen han hadde fått på kroken. Pukkellaksen tilhøyrer stillehavslaksane, og er oppført på Norsk svarteliste.

– Den gyter veldig tidleg, gjerne i månadsskiftet juli/august, medan vanleg laks og aure gyter i september/oktober., forklarer Breivik.

Ein fryktar at pukkellaksen fortrenger annan fisk, og at den påverkar heile økosystemet i vassdraget.

Pukkellaksen har namnet sitt grunna at hannane får ein karakteristisk pukkel på fremre del av ryggen. Samtidig blir under- og overkjeven forlenga. Ola Breivik viser at pukkellaksen også har store, svarte prikkar på sporen (halen). Pukkellaksen er også spesiell i og med at den døyr etter gyting. Fisken som beit på kroken til Breivik hadde truleg nettopp gyta og var svak.

– Det lakk ”melk” av den, og inni var den ikkje raud og fin, men bleik. Det frista ikkje å eta den, så eg grov han ned, seier Ola Breivik.

Også heilt i starten på årets fiskesesong har det blitt tatt ein pukkellaks i Nordelva.

Ifølge Norsk institutt for naturforsking er det i år registrert pukkellaks i 120 norske vassdrag. Dette skal vera heilt uvanleg, og instituttet ønsker at alle som får ein pukkellaks på kroken melder frå om dette til dei.