STARTAR PILOTPROSJEKT: Kåre Bjarte Bjelland og Eramet Norway Sauda vil utnytta varmen som forsvinn ut av omnshuspipene, og produsera både elektrisk kraft og varmt vatn. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
STARTAR PILOTPROSJEKT: Kåre Bjarte Bjelland og Eramet Norway Sauda vil utnytta varmen som forsvinn ut av omnshuspipene, og produsera både elektrisk kraft og varmt vatn. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Energiprosjekt kan gi arbeidsplassar

Eramet sitt pilotprosjekt til 48 millionar kroner har nyleg fått 12 millionar i støtte frå Enova. Målet er bygging i 2018 og uttesting i 2019.

Dersom ein vel å gå vidare etter pilottestinga, er eit fullskala anlegg estimert til å kosta 180-200 millionar kroner.

– Hadde anlegget stått klart her og nå, hadde me aldri klart å drifta det med eigne tilsette. Det er uansett ganske klart at dette vil bety nye arbeidsplassar for Sauda. Ddette er eit stort prosessanlegg som vil kreva personell innan både drift og vedlikehald, seier Kåre Bjarte Bjelland, prosjektleiar for programmet som har namnet NewERA.

Det var i mai i år at statsføretaket Enova vedtok å gi økonomisk støtte til Eramet sitt pilotprosjekt som går ut på at gassmotorar omdannar CO-gass frå omnshusproduksjonen til straum og varme.

Pilotprosjektet, som nå har tolv millionar kroner i Enova-støtte, fekk endeleg klarsignal frå Paris i juni i år. Dette pilotprosjektet er kostnadsrekna til 48 millionar kroner.

– Hovuddelen av kostnaden går til sjølve pilotanlegget, resten går til prosjektutvikling og drift i prøveperioden, seier Kåre Bjarte Bjelland.

Les meir i papiravisa tysdag denne veke, eller last ned eavis her