GODT DRIFTSÅR: 50-årsjubilanten Brødrene Selvik har lagt bak seg eit svært godt driftsår. Dagleg leiar Leif Inge Løland kan bokføre ein driftsmargin på åtte millionar kroner. (Foto: Frank Waal)
GODT DRIFTSÅR: 50-årsjubilanten Brødrene Selvik har lagt bak seg eit svært godt driftsår. Dagleg leiar Leif Inge Løland kan bokføre ein driftsmargin på åtte millionar kroner. (Foto: Frank Waal)

Solid år for 50-årsjubilant

Brødrene Selvik hadde i fjor eit driftsresultat på åtte millionar kroner.

Det familieeigde entreprenørfirmaet har drive stabilt i pluss gjennom ei rekke år. Fjoråret blei driftsmessig svært godt, med eit driftsresultat på åtte millionar kroner. Dette er det nest høgaste driftsresultatet firmaet har hatt nokon gong.

Det gode resultatet kjem i eit driftsår firmaet opplevde at dei hadde låg omsetning og sviktande resultat dei første seks månadene.

Fjorårets omsetning var på 67 millionar kroner, noko som er over snittet dei siste åra, men noko lågare enn åra med høgast omsetning.

– Ein viktig grunn til det gode resultatet er at me har hatt ein del større oppdrag for kraftbransjen. Me har hatt oppdrag for både Statkraft, Saudefaldene og Statnett, opplyser dagleg leiar Leif Inge Løland.

Likevel påpeiker han at det aleine ikkje sikrar god driftsmargin.

– Det har blitt jobba godt i ulike avdelingar. Det er ikkje bare dei ute i felten som må gjere ein god jobb. Også dei som reknar jobbar og forhandlar pris må vere dyktige. Me lever i ein bransje der det blir konkurrert på pris. Me skal ikkje gjere mykje feil før det slår ut med nokre millionar kroner den andre vegen, seier Løland.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her