INVITERER TIL MØTE: Adjunkt og MOT-coach Ingunn Nerheim vold og rektor Lars Terje Sandvik trur neste veke byr på mange gode og motiverande samtalar om ungdom, både blant foreldre og lærarar ved ungdomsskulen. (Foto: Ingvil Bakka)
INVITERER TIL MØTE: Adjunkt og MOT-coach Ingunn Nerheim vold og rektor Lars Terje Sandvik trur neste veke byr på mange gode og motiverande samtalar om ungdom, både blant foreldre og lærarar ved ungdomsskulen. (Foto: Ingvil Bakka)

MOT vil ha foreldra på banen

Det haldningsskapande arbeidet er godt integrert blant dei unge. Nå vil ungdomsskulen ha meir involvering av og engasjement frå foreldre og lærarar.

– Me er spente når me nå inviterer til eit foreldremøte to dagar før skulen startar. Men foreldra i Sauda har vore flinke tidlegare, me håpar og trur at dei vil komma nå også, seier Lars Terje Sandvik, rektor ved Sauda ungdomsskule.

I komande veke er det slutt på sommarferien ved Sauda ungdomsskule. Medan lærarane skal ha planleggingsdagar måndag, tysdag og onsdag, er første skuledag for elevane torsdag 17. august. Det er tysdag kveld at Sauda ungdomsskule inviterer alle foreldra til elevane i åtande, niande og tiande klasse til eit felles foreldremøte i kantina. Føredragshaldar er Bjørg-Elin Moen. Ho har doktorgrad i psykologi og har saman med professor Edvard Befring skrive boka ”Ungdom, læring og forebygging”.

MOT har vore ein del av Sauda ungdomsskule sitt haldningsskapande arbeid i over tretten år. Nyleg inngjekk skulen ein ny avtale om ”Skulen som samfunnsbyggar”, og det er dette arbeidet foreldremøtet onsdag er starten på.

– Sauda er blant dei første skulane i landet som startar dette prosjektet. Dette er ein del av det såkalla MOT-løftet 2017, forklarer Nerheim Vold.

Målet er å hjelpa foreldre og lærarar til å forstå ungdom betre og lettare. For å få dette til må alle involverte ”snakka same språket”.

Les meir i papirutgåva frå fredag 11. august, eller last ned eavis her