ADHD-FORELDRE: Susanne Thorgersen og Dag Mikal Ramstad har huset fullt av følelsesmessige barn og unge. For dei er ein ADHD-diagnose heilt naturleg. (Foto: Ingvil Bakka)
ADHD-FORELDRE: Susanne Thorgersen og Dag Mikal Ramstad har huset fullt av følelsesmessige barn og unge. For dei er ein ADHD-diagnose heilt naturleg. (Foto: Ingvil Bakka)

Rettar fokus mot ADHD

ADHD pregar heile livet til Susanne Thorgersen og Dag Mikal Ramstad. Til saman har dei fire barn med diagnosen.

– Det er aktive dagar, med mange følelsar involvert. Ingen dagar er like. Men det er jo dette eg har vore vane med i alle år, så for meg er dette normalt, seier Susanne Thorgersen.

Ho er mor til tre barn som alle er diagnostisert med utviklings- og adferdsforstyrringa ADHD. Sambuaren Dag Mikal Ramstad har også eit barn med ADHD-diagnose. Nå vil sambuarparet bidra til å fjerna stigmatiseringa av barn og unge med ADHD, ein diagnose som i samfunnet lenge har vore prega av fordommar og manglande kunnskaper.

Etter deira initiativ kjem forfattaren, bloggaren og skodespelaren Magnus Jackson Krogh nå til Sauda for å halda sitt populære show; Samtalen, eit humorshow om å leva med ADHD og jantelova. Showet er sett opp i kinosalen komande søndag.

Les meir i papirutgåva i dag, tysdag, eller last ned eavis her