LYS I TUNNELEN: Styreleiar Jan Harald Djuvik (til venstre) opplyser at Djuvik Maskinering aldri har hatt så mange ordrar som teknologibedrifta har nå. Her saman med Joakim Steen Jensen. (Foto: Frank Waal)
LYS I TUNNELEN: Styreleiar Jan Harald Djuvik (til venstre) opplyser at Djuvik Maskinering aldri har hatt så mange ordrar som teknologibedrifta har nå. Her saman med Joakim Steen Jensen. (Foto: Frank Waal)

Har merka oljenedgangen

Industribedriftene i Sauda klarte ikkje å tene pengar i 2016.

På grunn av nedgangen i oljesektoren har mange mekanisk industri-bedrifter i landet fått langt færre  oppdrag. Dette viser igjen i rekneskapa, også for dei tre lokale industribedriftene Djuvik Maskinering, Weldone og HS Maskin.

Dei tre bedriftene klarte seg godt gjennom første del av oljenedgangen, ikkje minst i 2015 då alle tre tente pengar. Men i 2016 har alle tapt pengar. Weldone og HS Maskin hadde eit marginalt underskot på nokre få titals tusen kroner, medan Djuvik Maskinering måtte ta ein smell på minus 2,3 millionar kroner i driftsresultat. Med finanskostnader blei årsresultatet på minus 3,2 millionar kroner.

Til samanlikning viste driftsresultatet 1,6 millionar i pluss i 2015 og 2,8 millionar i pluss i 2014.

Også Weldone kunne bokføre 2,1 millionar i pluss i 2015 og tre millionar i pluss året før. HS Maskin gjekk éin million kroner i pluss i 2015. Året før gjekk dei akkurat i balanse.

Medan Weldone og HS Maskin har mange kundar som ikkje høyrer til offshore-segmentet, er Djuvik Maskinering fullstendig avhengig av oljesektoren. På grunn av få ordrar i fjor, måtte bedrifta også permittere 11 av 15 tilsette mot slutten av året. Permitteringsgraden var mellom 60 og 80 prosent.

– Det har vore knalltøft, erkjenner styreleiar Jan Harald Djuvik.

Les meir i papirutgåva tysdag denne veka, eller last ned eavis her