SUPERKLARE: Karoline Espeland og Jesper Kvaløy synest det er kjempekjekt å begynna i første klasse. (Foto: Ingvil Bakka)
SUPERKLARE: Karoline Espeland og Jesper Kvaløy synest det er kjempekjekt å begynna i første klasse. (Foto: Ingvil Bakka)

Nye, spente fjes i første klasse

Seksåringane Karoline og Jesper er sikre på éin ting. Dei kjem ikkje til å sakna barnehagen.

– Nei, eg begynte å bli litt lei. Eg synest eg hadde gått i barnehagen så lenge, seier Karoline Espeland.

Jesper Kvaløy trur også overgangen kjem til å gå greitt.

– Eg har ein veslebror som går på lilla avdeling i Brakamoen, så eg kjem nok til å få dra på besøk der av og til.

Karoline og Jesper er to av dei 16 elevane som skal gå i første klasse ved Fløgstad skule dette skuleåret. I går, torsdag, var endeleg dagen dei lenge hadde gleda seg til komen. Begge to fortel at dei har gleda seg ”masse og ”veldig” til å begynna på skulen.

– Det eg gleder meg mest til er å gjere heimelekser. For dei kan eg bestemma sjølv kva tid eg vil gjera, seier Jesper.

– Kva tid vil du helst gjera dei, då?

– Rett etter skulen, seier han bestemt.

Totalt hadde 52 fem- og seksåringar i Sauda sin aller første skuledag i går. Medan Fløgstad skule har 16 elevar, har Austarheim skule 25 elevar fordelt på to klassar. Ved Risvoll skule er det elleve førsteklassingar. Også ungdomsskulen og vidaregåande starta opp igjen etter den to månader lange skuleferien.

Les meir i papiravisa eller last ned eavis her