LITEN KLASSE: Anne-Grethe Waage-Pettersen er klassestyrar for første klasse studiespesialisering. Klassen har elleve jenter og fire gutar. (Foto: Ingvil Bakka)
LITEN KLASSE: Anne-Grethe Waage-Pettersen er klassestyrar for første klasse studiespesialisering. Klassen har elleve jenter og fire gutar. (Foto: Ingvil Bakka)

Urovekkande lågt elevtal

Bare 15 elevar tar i år førsteåret på studiespesialisering i Sauda. Dette er under halvparten av dei to føregåande åra.

– Me er inne i det såkalla ”kriseåret”, konstaterer rektor ved Sauda vidaregåande skule,  Oskar Waage-Pettersen.

Torsdag var det skulestart for alle elevane ved Sauda vidaregåande skule sine avdelingar på Lofthus og på Birkeland i Sauda, og på Sand i Suldal kommune. Det totale elevtalet i år ligg an til å vera rundt 415 elevar. Ved skulestart i fjor var elevtalet cirka 435. Skuleleiinga har lenge visst at elevtalet for skuleåret 2017/1018 kunne bli spesielt lågt.

Årets førsteklassingar er nemleg født i 2001, året då fødselstalet i Sauda var heilt nede på bare 34. Det har gjort at kun 30 2001-modellar frå Sauda har søkt om skuleplass ved den vidaregåande skulen dette skuleåret. Dette viser spesielt godt igjen på linja studiespesialisering (tidlegare allmennfag, red.merkn). Her er elevtalet meir enn halvert samanlikna med skuleåret i fjor.

– Fylket hadde i utgangspunktet sett føre seg 1,5 klasse på studiespesialisering vg1 hos oss, men me visste at det ville me aldri klara å få elevar til. Då søkartala kom blei det klart at me bare ville få ressursar til éin klasse, seier Waage-Pettersen.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.