Bakkane opp til Fløgstadneset skapar utfordringar vinterstid. Bebuarane er imot at delar av Strandavegen blir stengt. Foto: Frank Waal.
Bakkane opp til Fløgstadneset skapar utfordringar vinterstid. Bebuarane er imot at delar av Strandavegen blir stengt. Foto: Frank Waal.

Vil behalde Strandavegen

Vegvesenet ønsker å stenge delar av Strandavegen for å bygge gangveg. Naboane opplyser at dei treng Strandavegen for å kome fram vinterstid.

Ein ny gang- og sykkelveg er på trappene frå båthamna til Sauda sentrum. For at Statens vegvesen skal få plass til gang- og sykkelvegen ønsker dei å stenge av 100 meter av Strandavegen, slik at dette strekket kun blir for dei mjuke trafikantane.

Innbyggarane på Fløgstadneset ønsker gang- og sykkelvegen velkommen, men ber om at Strandavegen ikkje blir stengt av. Innbyggarane bruker nemleg dette vegstrekket for å «ta fart» slik at dei kjem seg opp i byggefeltet om vinteren.

Eit par dusin naboar har sendt brev til Vegvesenet og ber om at det blir vald ei løysing slik at Strandavegen forsatt kan vere bilveg på heile strekninga. Riktig nok går det to vegar opp til Fløgstadneset, men vegen opp frå Fløgstadvika, som dei kallar «Perabakken», unngår bebuarane å bruke vinterstid.

– Denne vegen er for bratt. Det er veldig vanskeleg å kome opp om vinteren. Derfor må dei bruke vegen på andre sida av feltet for å kome opp, men då kan ikkje Strandavegen bli stengt for biltrafikk, seier Oscar Coll, som bur nederst på Fløgstadneset.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.