Kommunen har selt det tidlegare sosialbustadbygget Åbø 2. To av dei næraste naboane, Inger Johanne Kirkevold (til venstre) og Cecilie Klungtveit, er glade for at det endeleg skjer noko med det sterkt forfalne bygget og er spente på resultatet. Foto: Ingvil Bakka.
Kommunen har selt det tidlegare sosialbustadbygget Åbø 2. To av dei næraste naboane, Inger Johanne Kirkevold (til venstre) og Cecilie Klungtveit, er glade for at det endeleg skjer noko med det sterkt forfalne bygget og er spente på resultatet. Foto: Ingvil Bakka.

Her blir det hyblar og utleigeleiligheiter

Sauda kommune har nå kvitta seg med det tidlegare sosialbustadbygget som dei først hadde tenkt å riva og bygga opp igjen.

– Avgjerda om å selga eigedommen er basert på vedtaket som blei gjort om bustadsosial handlingsplan i vår, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Leilegheitsbygget Åbø 2 blei fråflytta og stengt sommaren 2016 grunna slitasje og store manglar på brannalarmanlegget. Bygget hadde sidan 2009 blitt brukt til å husa såkalla sosialt vanskelegstilte personar og var svært prega av slitasje og hærverk.

Då bygget blei stengt blei Sauda kommune kontakta av fleire personar som ønska å kjøpa eigedommen. Kommunen var då ikkje interessert i å selga, og viste til tankar om å riva bygget og bygga nye leilegheiter som skulle kunna husa vanskelegstilte.

Kommunen har nå jobba fram ein bustadsosial handlingsplan, der ein i vår kom fram til at det beste ville vera å selga Åbø 2. Eigedommen blei lagt ut for sal i august i år, med ei prisantydning på 900 000 kroner. Interessa var stor i eigedomsmarknaden, og fleire, både lokale og utanbygds, valde å by på eigedommen.

Onsdag vedtok formannskapet å akseptera det høgaste bodet som var kome inn. Kjøpar er haugesundsfirmaet Norox Eiendom AS, og bygget blei selt for 1 million kroner.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.