Rune Hoftun (40) er blind, delvis døv, sliten og einsam. Sauda kommune vil ikkje gi han brukarstyrt personleg assistent. Komande torsdag er Hoftun hovudperson i tv-programmet TV 2 hjelper deg. Foto: Ingvil Bakka.

Ønsker assistent – får avslag

Blinde Rune Hoftun kjempar for å få meir hjelp i sin utfordrande kvardag. Denne veka er han hovudperson i programmet TV 2 hjelper deg.

– Eg prøver å klara meg sjølv, men eg trenger litt hjelp av eit par auger av og til, seier Rune Hoftun.

I mars i år blei han 40 år. I over 20 år har han vore uføretrygda. Rune Hoftun fekk ein tøff start på livet då det blei oppdaga ein svulst i hovudet hans, bak venstre øyre.

Han berga livet, men har sidan han var tre år gammal vore blind. I tillegg blei Rune døv på det eine øyret, og fekk kraftig nedsett hørsel på det andre. Takka vera eit høyreapparat høyrer han litt på høgre øyre.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.