Fleire av elevane sa før valdebatten måndag at den ville bli avgjerande for kva dei skulle stemme i går, tysdag. Nå er resultata klare. Foto: Even Emberland
Fleire av elevane sa før valdebatten måndag at den ville bli avgjerande for kva dei skulle stemme i går, tysdag. Nå er resultata klare. Foto: Even Emberland

Brakval for SV og Sp

Elevane ved Sauda vidaregåande skule har talt. Ap fekk flest stemmer, tett følgt av Sp, medan Høgre bare blei det sjette største partiet. Også SV har grunn til å juble, etter eit kjempeval både nasjonalt og i Sauda.

Tysdag kom elevane ved Sauda vidaregåande skule inn i stemmelokala i biblioteket i andre etasje i skulebygget i ein jamn straum for å stemme.

Då stemmene var talt opp, kom det tydeleg fram at valet ved skulen ikkje står i stil med bildet som er teikna i valkampen, at den overordna kampen står mellom Arbeidarpartiet og Høgre i kampen om regjeringsmakt. Til det var forskjellen på dei to partia si oppslutning ved Sauda vidaregåande skule for stor.

Sjå bilde for oversikt over resultata frå skulevalet i Sauda.

Foto: Norsk senter for forskningsdata.

Sosialistisk Venstreparti (SV) gjorde eit strålande skuleval nasjonalt med ei oppslutning på 10 prosent. I Sauda gjorde dei det endå betre, då 12,2 prosent av elevane som stemte ved skulen gav si stemme til partiet Audun Lysbakken står i spissen for. Det er ei tredobling av dei 4,1 prosenta som faktisk stemte på partiet ved stortingsvalet i 2013.

Med det blei dei skulevalets fjerde største parti i Sauda. Størst blei Arbeidarpartiet med 23,1 prosent, følgt av Senterpartiet med 19,5 prosent og Framstegspartiet med 14,2 prosent.

For Ap var det 4,7 prosentpoeng mindre enn på landsbasis, medan Sp scora 12,7 prosentpoeng meir enn skulevalresultatet deira på landsbasis. Også Frp gjorde det godt i Sauda, med 3,8 prosentpoeng meir oppslutning enn nasjonalt.

Venstra fekk 8,9 prosent av stemmene ved Sauda vidaregåande skule. Det er 1,5 prosentpoeng meir enn kva dei fekk i skulevalet på landsbasis.

Den store taparen i Sauda var utan tvil Høgre. Nasjonalt måtte dei tole ei nedgang på 13,1 prosentpoeng samanlikna med skulevalet for fire år sidan, med 15,1 prosent av stemmene.

Av elevane ved Sauda vidaregåande skule var det 6,6 prosent som viste dei tillit.

Miljøpartiet De Grønne og Kristeleg Folkeparti fekk høvesvis 5,6 og 2,3 prosent av stemmene då stemmene frå samtlige elevar var talt opp.

Piratpartiet noterte seg for 2,6 prosent av stemmene, medan Raudt og Alliansen begge fekk 1,7 prosent av stemmene.

Kystpartiet og Partiet De Kristne enda på 0,7 prosent av oppslutninga. Pensjonistpartiet fekk den siste stemmen og ei oppslutning på 0,3 prosent.

Samla var det 316 elevar ved skulen som stemte, av til saman 373 stemmeberettiga. Det gav ei valdeltaking på 84,7 prosent.