Tor Ingve Fatnes jobba i fleire år for å finne ein som ville drive revisorfirmaet hans i Sauda. I dag overtar John Peder Sørland som eigar.

Tor Ingve Fatnes (til venstre) er glad arbeidsplassane i Sauda består når han sel revisorfirmaet sitt. Den utflytta saudabuen John Peder Sørland skal drive firmaet vidare. Foto: Frank Waal.

Overtar revisorfirmaet

Tor Ingve Fatnes jobba i fleire år for å finne ein som ville drive revisorfirmaet hans i Sauda. I dag overtar John Peder Sørland som eigar.

av Frank Waal

Etter å ha drive revisorfirma i 25 år går Tor Ingve Fatnes av med pensjon. Firmaet hans har opp gjennom åra hatt to-tre arbeidsplassar. Arbeidsplassane ønska han å behalde i Sauda.

– Det var ikkje vanskeleg å finne kjøparar som ville overta firmaet og flytte arbeidsplassane ut av Sauda. Eg ønska ein kjøpar som ville drive firmaet vidare lokalt. Me treng kompetansearbeidsplassar i Sauda, seier Tor Ingve Fatnes.

Prosessen skulle ta lenger tid enn kva han hadde trudd, men så fann den utflytta saudabuen John Peder Sørland ut at han ville starte for seg sjølv. I dag overtar Sørland firmaet til Fatnes.

35 år gamle Sørland er utdanna statsautorisert revisor og har jobba for Deloitte i Haugesund dei ti siste åra. Som 16-åring flytta han frå Sauda til Haugesund. Sidan har han blitt.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.