Prosjektleiar Arve Ripland (til venstre) og ordførar Asbjørn Birkeland er letta over at det resterande stiarbeidet i Allmannajuvet endeleg er i boks. Neste sommar kan folk oppleva gruvene på nært hald. Foto: Ingvil Bakka.
Prosjektleiar Arve Ripland (til venstre) og ordførar Asbjørn Birkeland er letta over at det resterande stiarbeidet i Allmannajuvet endeleg er i boks. Neste sommar kan folk oppleva gruvene på nært hald. Foto: Ingvil Bakka.

Nå blir det gruvesti

Dei siste pengebrikkene er på plass og sikrar fullfinansiering av gruvestien i Allmannajuvet.

– Arbeidet startar opp i neste veke. Då blir det rydding og restaurering av stien og arbeid med å få på plass nye rekkverk, fortel ordførar Asbjørn Birkeland.

Arbeidet med å få fullfinansiert gruvestien i Allmannajuvet har tatt tid, og det 175 millionar kroner dyre turistveganlegget har vore ope i to somrar med stengt gruvesti.

Undervegs har det blitt lansert ulike løysingar for korleis ein skal få folk inn til gruvene. Ei løysing har vore å kryssa Storelva to plasser, ei sti-løysing som ifølge kalkylane totalt ville ha kosta rundt seks millionar kroner. Denne løysinga møtte protestar, både frå vegvesenet og frå arkitekten Peter Zumthor, og har blitt lagt bort. Løysinga med å la stien gå der den gjekk opphaveleg under gruvedrifta for 135 år sidan blei føretrekt, sjølv om det truleg vil kosta 1-1,5 millionar meir.

I mars i år vedtok Sauda kommunestyre å bevilga tre millionar kroner til arbeidet. Under den politiske behandlinga signaliserte politikarane at det ikkje vil vera aktuelt for kommunen å gå inn med meir pengar, uansett kva prislappen vil landa på. Nyleg blei det klart at turistvegseksjonen i Statens vegvesen går inn med midlar, og at også Rogaland fylkeskommune vil komma med finansiell støtte til gruvestien. Tidlegare har også Ryfylkefondet og Saudefaldene blitt med i spleiselaget.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.