GOD STEMNING: Trass i at ingen av desse ønsker ein ny blåblå regjeringsperiode var stemninga god på Rådhuset. Sp går veldig fram i Sauda, medan Ap og Krf går tilbake. Frå venstre: Asle Rafdal (Ap), Asbjørn Birkeland (Sp), Øyvind Viland (Ap) og Kristian Landro (KrF). Foto: Ingvil Bakka.
GOD STEMNING: Trass i at ingen av desse ønsker ein ny blåblå regjeringsperiode var stemninga god på Rådhuset. Sp går veldig fram i Sauda, medan Ap og Krf går tilbake. Frå venstre: Asle Rafdal (Ap), Asbjørn Birkeland (Sp), Øyvind Viland (Ap) og Kristian Landro (KrF). Foto: Ingvil Bakka.

Raud-grønt fleirtal i Sauda

Hadde saudabuen fått bestemma statsminister ville det blitt Jonas.

Nøyaktig éin time etter at vallokala stengde i kveld blei dei foreløpige valresultata offentleggjort på nettsida valgresultat.no.

Når 95,1 prosent av stemmene i Sauda er talt opp er dette dei foreløpige tala:

Arbeidarpartiet: 33,4 prosent.

Senterpartiet: 19,9 prosent.

Høgre: 19,0 prosent.

Framstegspartiet: 12,2 prosent.

Kristeleg Folkeparti: 4,9 prosent.

Sosialistisk Venstreparti: 4,4 prosent.

Venstre: 2,3 prosent.

Miljøpartiet De Grønne: 1,3 prosent.

Rødt: 0,8 prosent.

Pensjonistpartiet: 0,7 prosent.

Helsepartiet: 0,3 prosent.

Alliansen: 0,2 prosent.

Partiet De Kristne: 0,2 prosent.

Piratpartiet: 0,2 prosent.

Valdeltakinga i Sauda er på 76,4 prosent.

I kantina i tredje etasje i Rådhuset er fleire lokale politikarar samla. Ordførar Asbjørn Birkeland er godt fornøgd med at heile 19,9 prosent av saudabuen har stemt på hans parti. Det er 12,6 prosentpoeng fleire enn ved stortingsvalet i 2013.

– Dette er jo kjempebra. For oss er dette tidenes stortingsval i Sauda. Me ligg an til å slå Høgre med 0,9 prosent, seier han.

Varaordførar Asle Rafdal frå Arbeidarpartiet konstaterer at hans parti har gått tilbake 6 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet for fire år sidan.

– Ein håpar jo alltid på eit betre resultat enn dette. Men valdeltakinga gjer meg iallfall glad. At folk bruker stemmeretten sin er kjempebra, seier han.

Då dei foreløpige valresultata tikka inn låg det an til fire nye år med Høgres Erna Solberg som statsminister.

– Det liker me ikkje, innrømmer Asbjørn Birkeland.

– Me hadde håpa på å få til ei ny regjering, og hadde lagt opp valkampen for å få til ei ny regjering.

Heller ikkje Kristeleg Folkepartis Kristian Landro liker tanken på ei fortsatt blåblå regjering.

– Erna er ikkje så aller verst, ho. Men fire nye år med Framstegspartiet i regjering er langt verre å tenka på, seier han.

Kristeleg Folkeparti ligg an til å få 4,9 prosent av stemmene i Sauda, ein tilbakegang på 1,4 prosentpoeng.

– Det var sikkert som forventa. Eg forventa eigentleg ingenting. Kristeleg Folkeparti har vore veldig utydelege når det gjeld kven dei vil samarbeida med. Eg forstår godt at folk har valt andre parti, seier han.

Les meir om valet på www.ryfylke.net seinare i veka og i papiravisa fredag 15. september.