Sjølv om dei lokale tala for Høgre viser ein liten tilbakegang, er årets stortingsval i Sauda eit av Sauda Høgres beste.

BLÅ SIGER: Høgres Knut Atle Seim er godt fornøgd med årets stortingsval. Høgre held fram i regjering – og i Sauda var oppslutninga nesten så høg som Seim hadde håpa på. (Arkivfoto: Edd Meby)

Høgre-glede i Sauda

Sjølv om dei lokale tala for Høgre viser ein liten tilbakegang, er årets stortingsval i Sauda eit av Sauda Høgres beste.

av Ingvil Bakka

Høgre fekk 19,0 prosent av stemmene i Sauda under gårsdagens stortingsval. Dette er ein nedgang på 1,4 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet for fire år sidan. Sauda Høgre sin styreleiar og gruppeleiar i kommunestyret, Knut Atle Seim, er likevel greitt fornøgd med det lokale valresultatet.

– Dette er faktisk eitt av dei betre stortingsvala for Høgre i Sauda. Me hadde rett nok høgare tal i 2013, men elles må ein heilt tilbake til åttitalet for å finna oppslutningar på rundt 20-talet. Eg forventa at me ville landa ein stad mellom 15 og 20 prosent. 19 er heilt i øvre sjikt av dette, og derfor heilt greitt, seier Seim.

Den lokale Høgre-leiaren er naturlegvis svært fornøgd med at partiet hans held fram i regjeringa, med Erna Solberg som statsminister.

Då Ryfylke snakka med han tysdag føremiddag, var han uhyre spent på fintellingane, som vil visa om Rogaland Høgre sin femtekandidat blir valt inn på Stortinget. Elles er han spent på politikken og samarbeidet mellom dei ulike partia i dei komande fire åra.

– Eg trur det blir ein veldig krevande fireårsperiode. Kristeleg Folkeparti og Venstre har ikkje vist interesse for same type samarbeidsavtale som dei har hatt fram til nå. Det betyr at ein gjerne må ut og henta støtte frå sak til sak. Det har blitt ein del kompromiss i den perioden me legg bak oss, eg trur ikkje det blir enklare å bli einige nå, seier Seim.

– Kva betyr ei fortsatt blåblå-regjering for Sauda?

– Me meiner at Høgre har ein næringspolitikk som stimulerer til auka verdiskaping i det private næringslivet, uavhengig av geografi. Denne verdiskapinga er me heilt avhengige av for å kunna finansiera velferdsordningane våre – og me er tydelege på at verdiane må skapast før ein bruker dei, seier Seim.

Han innrømmer at Sauda som distriktskommune ikkje vil dra konkrete fordelar av å ha Høgre i regjeringa.

– Med negativ folketalsutvikling samanlikna med resten av landet, må me nok belaga oss på tøffe tider også i åra som kjem. Andre parti ønsker gjerne å auka dei statlege overføringane til distriktskommunar noko. Me meiner målet må vera å skapa mest muleg berekraftige lokalsamfunn og heller retta fokus mot tiltak som legg til rette for ei slik utvikling.

Alt i alt trur han ikkje Sauda og saudabuen vil merka så store endringar med ein ny periode med borgarleg regjering.

– Det blir mykje opp til oss sjølv og korleis me grip dei mulegheitene som dukkar opp, seier han.