På 21 minutt rakk Anne Kari Austarheim å svi av hovudpremien under Jøye meg. Foto: Frank Waal.
På 21 minutt rakk Anne Kari Austarheim å svi av hovudpremien under Jøye meg. Foto: Frank Waal.

Anne Kari handla til heile familien på Jøye meg

Jøye meg-vinnar Anne Kari Austarheim hadde stålkontroll på kva ho skulle bruke 15 000 kroner på i løpet av 30 minutt.

Rådhusplassen var stappfull då vinnaren av 15 000 kroner skulle trekkast under Jøye meg-dagen på laurdag. Regelen var som vanleg: dei 15 000 kronene måte brukast opp i minst tre av Jøye meg-butikkane i løpet av 30 minutt. Den heldige vinnaren var Anne Kari Austarheim. Med Ryfylke på slep gjennom sentrum kunne ho med ein gong avsløre at ho hadde planen klar dersom ho vann.

(Saka held fram under bildegalleriet)

– Eg og mannen min var og såg i butikkane på fredag. Kvart år det har vore Jøye meg har eg planlagt som om eg kunne vinne. Endeleg blei det min tur, smilte ho.

Ho hadde bestemt seg for at det skulle dryppe på alle i familien.

Første butikken ho la kursen til var Fagmøbler. Ho hadde med seg brosjyren til butikken og hadde ringa rundt kva bord ho ville ha, inkludert farge. Bordet blei bestilt og betalt i løpet av få minutt. Bordet kosta nær 7 500 kroner. At det i tillegg var på tilbod gjorde handelen ennå kjekkare.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.