Opninga av Folkets Hus blir ikkje i april neste år, men til hausten, opplyser kultursjef Åshild Marie Øverland og styreleiar i Sauda Folkets Hus Sivert Sørnes. Foto: Even Emberland.
Opninga av Folkets Hus blir ikkje i april neste år, men til hausten, opplyser kultursjef Åshild Marie Øverland og styreleiar i Sauda Folkets Hus Sivert Sørnes. Foto: Even Emberland.

Utset opninga av Folkets Hus

Det må vente til hausten neste år før kulturstorstova får si opningsveke.

Opninga av Folkets Hus blir utsett til hausten 2018. Det opplyser kultursjef i Sauda kommune Åshild Marie Øverland og styreleiar i Sauda Folkets Hus Sivert Sørnes til Ryfylke.

– Slik det ser ut nå, skulle me kanskje klart det til 27. april, men me kan ikkje lenger garantere det, seier Sørnes.

Styreleiaren peiker på faktorar dei ifølge han ikkje har hatt moglegheit til å styre som avgjerande for utsettinga. Sørnes opplyser at underleverandøren for trafostasjonen til Haugaland Kraft har gått konkurs, noko som gjer at trafoen ikkje blir levert som planlagt. Det igjen fører til forseinkingar på asfalt- og fortauarbeidet.

Sørnes opplyser også at ein har fått beskjed frå ein belgisk leverandør av fasadelamellar om at det blir minst to månader forseinking på deira leveranse.

– I tillegg har det vore mykje nedbør i Sauda i sommar, noko som har gjort at me har måtta utsette taktekkinga med fleire veker. Samla gjer desse tre punkta at me ikkje lenger kan garantere å vere ferdige med Folkets Hus og alt rundt til 27. april, seier Sørnes.

Kultursjef i Sauda kommune Åshild Marie Øverland fekk endeleg beskjed torsdag om at opninga må flyttast.

– Det er ikkje til å stikke under stol at dette er kjedeleg. Me har mange prosessar og dialogar opp mot opninga, og det er sjølvsagt ei ulempe for alle som er involverte. Nå må det planleggast på nytt, og me må finne ein ny dato for opninga som passar. Slik det ser ut nå satsar me mot siste halvdel i september. Når det er sagt, så støttar eg Sivert i at me vil ha Folkets Hus heilt ferdig før me flyttar inn og har opning. Me har venta i eit tiår på ein ny samlingsstad for kulturlivet i Sauda, så då klarer me å vente i fem månader til, seier Øverland.

Du kan lese meir om saka i førstkommande Ryfylke, tysdag 19. september.