Hetleflåt & Sønn Transport og Sauda kommune tar rekninga.

Fredag kunne Hetleflåt & Sønn Transports Vegard Dahl levera den dumpa asbesten inne på sorteringsalegget på Birkeland. Foto: Ingvil Bakka.

Løysing for asbest-grunneigaren

Hetleflåt & Sønn Transport og Sauda kommune tar rekninga.

av Ingvil Bakka

– Ein kan ikkje alltid tenka pengar. Det er kjekt om me kan bidra med noko positivt i ei så kjedeleg sak, seier Jostein Hetleflåt i saudafirmaet Hetleflåt & Sønn Transport.

Grunneigar Valentin Svelland opplevde i sommar at nokon hadde dumpa store mengder asbesthaldig avfall på eigedommen han ved Sagfossen. Svelland måtte sjølv reisa inn til Sauda for å ta på seg jobben med å samla det giftige avfallet i forskriftsmessig korrekte posar. Han var fortvila og synest det var urettferdig at han, som uskuldig grunneigar, får all jobben med rydding, transport og deponering av avfallet.

Jostein Hetleflåt i Hetleflåt & Sønn Transport valde å ta på seg fraktejobben gratis. Torsdag ettermiddag blei dei to avfallsposane med asbest henta ut frå området ved Sagfossen. Fredag, like før sorteringsanlegget på Birkeland stengde for helga, blei avfallet levert.

Grunneigar Svelland seier han er både letta og utruleg takknemmeleg for innsatsen folk i Sauda har lagt ned.

– Utruleg snilt av Hetleflåt. Samtidig har ordføraren stått på og fått til ei ordning, trass det nåverande systemet i slike saker. Nå håpar eg at ein kan jobba fram løysingar som også kjem andre som hamnar i min situasjon til gode, seier han.

Ordførar i Sauda kommune, Asbjørn Birkeland, seier at grunneigaren slepper utgifter ved leveringa.

– Så han får levera det gratis?

– Ingenting i verda er gratis. Men kommunen tar rekninga, forklarer Birkeland.

Les meir i papiravisa tysdag.