Magnar Birkeland, for anledning i ku-kostyme, baud rektor Lars Terje Sandvik og ordførar Asbjørn Birkeland på ”sterke grønsaker”. Foto: Ingvil Bakka
Magnar Birkeland, for anledning i ku-kostyme, baud rektor Lars Terje Sandvik og ordførar Asbjørn Birkeland på ”sterke grønsaker”. Foto: Ingvil Bakka

Ungdomsfestivalen er i gang

Både rektor og ordførar måtte til pers i kantina på ungdomsskulen.

I dag, måndag, like før klokka 11.00 var det offisiell opning av årets ungdomsveke i Sauda.

Opninga skjedde i kantina på ungdomsskulen, der ungdomsfestival-generalen Magnar Birkeland hadde invitert rektor Lars Terje Sandvik og ordførar Asbjørn Birkeland til å bli med på litt ablegøyer framfor ungdommane. Begge fekk armane låst fast på magen, og fekk ”låna” armar av elevar som stod bak dei. Sandvik og Birkeland måtte, anten dei ville eller ei, eta sterk chili, som dei ved hjelp av dei hjelpsame armane fekk lindra smaken av med yoghurt og mjølk.

Seinare i veka blir det blant anna Superquiz, Superbing, Poolparty i svømmehallen og ein heil del andre aktivitetar og moro for ungdom i alderen 8.-10.klasse.