Sauda får gode tilbakemeldingar for sitt arbeid knytt til Øyeblikkelig hjelp-senga.

Einingsleiar Ann Iren Nordhagen (til venstre) og sjukepleiar Hanne Coll, her ved Øyeblikkelig hjelp-senga, som i omorganiseringsprosessen er mellombels plassert på Sauda DMS, avdeling D ved Åbøtunet. Foto: Ingvil Bakka.

Pasientane er tilfredse

Sauda får gode tilbakemeldingar for sitt arbeid knytt til Øyeblikkelig hjelp-senga.

av Ingvil Bakka

– Brukarundersøkinga viser at pasientane er tilfredse med behandlinga dei får hos oss. Det er me så klart veldig fornøgd med, seier Ann Iren Nordhagen, einingsleiar ved Sauda distriktsmedisinske senter.

Medan Sauda før hadde to såkallaObservasjonssenger, der Helse Fonna og Sauda kommune delte på kostnadene, har Sauda sidan 1. januar 2016 bare hatt ei kommunal Øyeblikkelig hjelp-seng.

Det er Helse Fonna og forskings- og utviklingseininga Fousam som gjennomfører ei frivillig brukarundersøking blant pasientar som nyttar seg av kommunale Øyeblikkelig hjelp-senger i regionen. Innkome svar i perioden januar – juni i år viser at pasientane i Sauda er godt tilfreds med ordninga. Pasientane har svart på korleis dei har opplevd kommunikasjonen med lege og anna helsepersonell, om sjølve behandlinga, og om utstyr og organisering.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.