Kommunen og Sauda vidaregåande skule er nå i dialog om løysingar som gir meir stabile øvingstilhøve for elevane. Foto: Edd Meby.
Kommunen og Sauda vidaregåande skule er nå i dialog om løysingar som gir meir stabile øvingstilhøve for elevane. Foto: Edd Meby.

«Det nærmar seg ein fagleg uforsvarleg situasjon»

Stadig nye trafikkmessige utfordringar i Sauda kan bety nye vurderingar av både oppkjøringstilbodet og av vegvesenet sitt kontor i bygda.

– Slik forholda er i dag meiner me at det er fagleg forsvarleg med førarprøve for tunge kjøretøy i Sauda. Men det er ikkje optimalt. Det ligg i korta at vegnettet og dei trafikkale utfordringane ikkje er betre enn dei må vera, seier Torbjørn Brosvik, seksjonsleiar ved Statens vegvesen sitt kontor i Haugesund.

Under arbeidet med den nye reguleringsplanen for Vangnes, med ei planlagt stenging av bilvegen forbi leilegheitsbygga, protesterte yrkessjåførlinja ved Sauda vidaregåande skule. Dei meiner at vegstenginga er nok ei innsnevring av øvingsområda for yrkessjåførelevane, og signaliserte frykt for at vegvesenet snart vil meina at det ikkje lenger er forsvarleg at Sauda har verken oppkjøringstilbod for yrkessjåførar eller sjåførlinje.

Ryfylke skreiv om uenigheitene i fleire saker både før og etter det endelege stengingsvedtaket i kommunetyret i juni i år. Brosvik har lest sakene i Ryfylke.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.