Berge Sag sende ikkje inn erklæring om ansvarsrett for Vangsnes-bygget. Firmaet blir bøtelagt.

Berge Sag tar sjølvkritikk for rot i byggesaksbehandlinga i samband med byggeprosjektet på Vangsnes. Foto: Edd Meby.

Bot for papirslurv

Berge Sag sende ikkje inn erklæring om ansvarsrett for Vangsnes-bygget. Firmaet blir bøtelagt.

av Frank Waal

Ein gjennomgang hos Sauda kommune avdekka at Berge Sag ikkje hadde dokumentasjonen i orden vedrørande oppføringa av ambulanse- og leilegheitsbygget på Vangsnes. Sauda kommune ser alvorleg på saka og har gitt Berge Sag ei bot på 8000 kroner for brot på Plan- og bygningslova.

Berge Sag har lagt seg flate og beklagar både brot på Plan- og bygningslova, samt svikt i interne rutinar.

– Berge Sag og Trelast AS ser meget alvorlig på denne saken og tiltak er iverksett for å unngå gjentaking. Aktuell prosjektleiar er fråtatt alle oppgåver som gjeld byggesaksbehandlinga i dette og andre prosjekt, skriv avdelingsleiar Eirik Kalstveit i Berge Sag og Trelast AS i ei forklaring til Sauda kommune.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.