M/S Sunnhordland har lagt til kai.

M/S Sunnhordland byr fredag på ei rekke kulturopplevingar i Sauda. Foto: Even Emberland.

Klare for kulturfest

M/S Sunnhordland har lagt til kai.

av Even Emberland

Veteranskipet M/S Sunnhordland la fredag føremiddag til kai i Sauda. Gjennom dagen går det slag i slag med eit tettpakka program, fylt av godbitar frå kulturverda.

Alt klokka 12 byr Regine Erler på dokketeateret Hans og Grete. Utover ettermiddagen og kvelden kan ein mellom anna få med seg danseframsyninga Dörren – døra, eit føredrag om strikkedesign ved Gerd Auestad, smakebitar frå UKM-innslag, skrekkfilmskaparen Fredrik Hana, ei intimkonsert ved Stein Torleif Bjella, og utekinoar på kaia.

Filmane Elias og Storegaps hemmelighet og Pirates of the Caribbean: Salazars Revenge blir vist på det gigantiske kinolerretet som måler 14×9 meter. Sistnemnde film avsluttar også programmet for dagen, då den er rekna å vere ferdig klokka 01.15, natt til laurdag.