Regjeringa ønsker å gi straumlinjer og straumanlegg skattefritak. Foto: Frank Waal.
Regjeringa ønsker å gi straumlinjer og straumanlegg skattefritak. Foto: Frank Waal.

Dette vil ikkje staten skatte for

Regjeringa ønsker at kommunane ikkje skal få skatteinntektene frå straumanlegg og linjer. Sauda vil i så fall miste store millioninntekter årleg.

I forslaget til statsbudsjettet foreslår regjeringspartia at Statnett sine straumlinjer og straumanlegg slepp å betale eigedomsskatt til kommunane. Det er staten som eig Statnett.

Dette vil i så fall bety at kommunane ikkje får kompensert at dei stiller naturområda sine til rådigheit for linjer og straumanlegg.

– Dette betyr at me kun sit att med ulempene. Det er betydelege område Sauda kommune har stilt til rådigheit for straumnettet. Når linjene er ferdig bygd tilfører dei Sauda veldig få arbeidsplassar, seier saudaordførar Asbjørn Birkeland.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.