Fredrik Nibe er frå Bærum, men født i Tromsø og utdanna innan video. Nå satsar han med hotell og pub på Grand. Foto: Frank Waal.
Fredrik Nibe er frå Bærum, men født i Tromsø og utdanna innan video. Nå satsar han med hotell og pub på Grand. Foto: Frank Waal.

Grand opnar igjen

Ein av dei tilsette tar over drifta av Grand Hotell og Grand Manilla.

For tre veker sidan stengte Grand dørene. Nils Jarle Sandanger gav opp etter ti månaders drift. Inntektene dekte ikkje utgiftene. Nå har ein av dei tilsette etablerte eit eige driftsselskap for å drive hotellet og puben vidare.

– Dei første hotellgjestene er alt på plass. Laurdag opnar også Grand Manilla igjen dersom eg får på plass ny betalingsløysing og slikt. Eg trur det går i orden, seier Fredrik Nibe.

For eit knapt år sidan blei han kontakta av ein kamerat og spurt om han ville kome til Sauda og jobbe på Grand, i tillegg til å jobbe litt med video utanom.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.