Brannen skal ha starta på ein komfyr i ein kjellarhybel. Brannvesenet rykka ut med fullt mannskap. Foto: Ingvil Bakka.
Brannen skal ha starta på ein komfyr i ein kjellarhybel. Brannvesenet rykka ut med fullt mannskap. Foto: Ingvil Bakka.

Brann i Strandavegen

Flaks og snarrådig innsats av hybeleleven gjorde at brannen ikkje utvikla seg.

– Eg kom heim og då brann det på komfyren. Eg fekk sløkt det med vatn, men måtte bare komma meg ut. Det var fullt av røyk, fortel den unge mannen til Ryfylke.

Klokka var då rundt 09.00 på morgonen i dag, tysdag. Han fekk varsla brannvesenet, som rykka ut med fullt mannskap.

Brannen har truleg starta på komfyren inne i hybelen, der ei påslått plate har ført til at det har tatt fyr i noko plast som låg på komfyren. Ifølge hybelbuaren må plata ha slått seg på av seg sjølv, noko den også har gjort før. Komfyren skal ikkje ha vore i bruk tidlegare i dag.

Både brannsjef Harald Eikrem og varabrannsjef Inge Seim var på staden, der brannmannskapa måtte ta seg inn i hovudhuset og opna vinduer.

– Brannen er sløkt, men huset er fullt av røyk, seier Eikrem.

Huseigaren bur ikkje i Sauda.