Eit einstemmig fylkesting ber Statens vegvesen gi ein status på vurderingane av sikringstiltak på fylkesvegen ved Svandalsfossen.

Fylkestinget i Rogaland er ikkje fornøgd med framdrifta når det gjeld sikringa av Svandalsfossen. Foto: Edd Meby.

Fylkestinget legg press på Vegvesenet

Eit einstemmig fylkesting ber Statens vegvesen gi ein status på vurderingane av sikringstiltak på fylkesvegen ved Svandalsfossen.

av Frank Waal

I den nye handlingsplanen for fylkesvegar dei neste seks åra ligg ikkje Svandalsfossen inne som utbetringstiltak. Svært mange vegprosjekt i Sauda er tatt inn i det som er ein svært positiv handlingsplan sett med saudaauger.

Men Vegvesenet har ikkje kome langt nok i arbeidet med å prosjektere og kalkulere sikringstiltak ved Svandalsfossen til at dette kunne bli vurdert tatt med i den nye handlingsplanen.

Nå har eit einstemmig fylkesting vedtatt at Vegvesenet skal gjere ferdig sine vurderingar om Svandalsfossen og deretter vil fylkespolitikarane ha dette som sak på bordet til samferdselsutvalet. I praksis opnar dette for at politikarane kan vurdere sikringstiltak ved Svandalsfossen, sjølv om dette ikkje er med i den vedtatte handlingsplanen for fylkesvegar.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.