Rådmann Rune Kloster Tvedt foreslår kutt på tre millionar i skulesektoren og 3,5 millionar kroner i omsorgssektoren i budsjettet for 2018.

Rådmann Rune Kloster Tvedt legg opp til eit driftsoverskot på 2,8 prosent. KS anbefaler eit driftsresultat på minimum 2,0 prosent. Foto: Frank Waal.

Skule og helse må ta nye kutt

Rådmann Rune Kloster Tvedt foreslår kutt på tre millionar i skulesektoren og 3,5 millionar kroner i omsorgssektoren i budsjettet for 2018.

av Frank Waal

Torsdag la rådmann Rune Kloster Tvedt fram sitt forslag til budsjett for 2018 og forslag til økonomiplan for 2019-2021.

Sjølv om politikarane for eitt år sidan vedtok ein god del innsparingar, ser den nye rådmannen seg nøydd til å foreslå nye kutt.

– Einingskostnadane våre er for høge. Me ligg på 394. plass blant kommunane i Norge. Dersom me skal drive berekraftig og skaffe oss økonomisk handlingsrom, må me ta ned kostnadane, seier Kloster Tvedt.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.