Ikkje alle helsar den nye henteordninga til Kolumbus velkommen.

Terje Austarheim og Kim Lie meiner Sauda bør få behalda rutebusstilbodet. Den nye henteordninga, som trer i kraft 1. juli neste år, har dei slett ikkje trua på. Foto: Ingvil Bakka.

Føretrekker rutebuss

Ikkje alle helsar den nye henteordninga til Kolumbus velkommen.

av Ingvil Bakka

Ryfylke får bli med bussjåfør Åge Seljestad på rute 150, ein torsdag føremiddag. Åge har jobba som bussjåfør i over tjue år, og fortel at passasjertalet varierer veldig, alt etter vekedagar og vêret. Ruta går frå sentrum, via Coop, gjennom Åbøbyen, over Solbrekk, opp Espelandsvegen, over til Djupadalen –  og me er først halvvegs nede i Åbødalen før dei første passasjerane vinkar på bussen.

Terje Austarheim og Kim Lie skal ned til sentrum.

– Eg tar nok bussen tre-fire gonger i veka. For meg er det veldig greitt å ta buss, iallfall i dette vêret, seier Terje.

Han liker ikkje Kolumbus sine planar om å legga ned rutebusstilbodet og opprettinga av den nye henteordninga.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.