Vekas portrett: Tone Rasmussen Birkeland. Foto: Ingvil Bakka.
Vekas portrett: Tone Rasmussen Birkeland. Foto: Ingvil Bakka.

Sjefen til ordføraren

Aldri nokon gong har Tone Rasmussen Birkeland vore i så psykisk ubalanse som ho var veka etter kommunevalet 2015. I dag er truleg ho meir gira på at ordførarektemannen tar gjenval enn han sjølv er.

– Me diskuterte det jo, då Asbjørn ville stå på vallista til Senterpartiet. Han lokka meg med at det kunne jo henda at han blei valt inn i kommunestyret, noko som kunne føra til at han kanskje fekk utvida friperiodane sine i Nordsjøen med éin dag ekstra. Det var jo fint, tenkte eg, ler Tone Rasmussen Birkeland.

Det gjekk ikkje heilt slik. Senterpartiet gjorde eit brakval der dei gjekk frå to til ni representantar i kommunestyret. Asbjørn Birkeland, som var listetoppen til partiet, blei valt til ny ordførar i Sauda. Bygda – og kona Tone Rasmussen Birkeland var i sjokk.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.