Bygda får storfint besøk i 2020.

I 2020 blir NM i benkpress arrangert i Sauda. Det blei klart på forbundstinget til Norges Styrkeløftforbund i helga. Bildet av saudaatleten Hildeborg Juvet Hugdal er frå eit tidlegare høve.

Sauda fekk NM i benkpress

Bygda får storfint besøk i 2020.

av Even Emberland

I helga heldt Norges Styrkeløftforbund sitt forbundsting og strategimøte for 2017 på Gardermoen. Der blei det klart at styrkeløftgruppa til Sauda Idrettslag blir arrangør av norgesmeisterskapet i benkpress i 2020.

– Det er langt fram, men det blir mykje jobb. Me skal brette opp erma og stå på. Me kjem også til å få hjelp frå Sandnes Atletklubb som har nødvendig utstyr og alt det der, seier Irene Juvet Hugdal, som er leiar for styrkeløftgruppa i Sauda.

Ho opplyser at Sauda sist arrangerte eit stort stemne var tilbake i 2004, då dei stod bak West European Cup. Nå kryssar Hugdal fingrane for at saudabuar også denne gong tar imot eit storarrangement med opne armar.

– Dugnadsånda var fantastisk då me arrangerte West European Cup, og eg håpar den er like stor denne gong. Eg tenker at me skal få til dette, men det er klart at me er avhengige av støttespelarar. Eg skal mellom anna ta det opp med hovudstyret i idrettslaget i kveld (måndag, journ. merk.), seier Hugdal.

Dei to siste norgesmeisterskapa i benkpress har blitt arrangert høvesvis i Stavanger og på Frogner, med høvesvis 138 og 135 deltakarar. Saudautøvaren Hildeborg Juvet Hugdal blei norgesmester i sin klasse begge gongene, med 215 kilo i 2016 og 230 kilo i 2017 som gjeldande resultat.

Når NM kjem til Sauda i 2020, blir det arrangert i mars månad.