Interessegruppa Samuel Tveit, her representert ved Arne Skogerbø (frå venstre), Jon Lambrigt Grindheim, leiar Inge Mikal Nødland, Torgeir Tveitane, Ola Daniel Tveit, Johannas Bakka, Leif Moe og uoffisielt æresmedlem Helge Valskår, blei av formannskapet gitt Eldsjelprisen 2016.  Nå kan du føreslå kven som skal få prisen for 2017.
Interessegruppa Samuel Tveit, her representert ved Arne Skogerbø (frå venstre), Jon Lambrigt Grindheim, leiar Inge Mikal Nødland, Torgeir Tveitane, Ola Daniel Tveit, Johannas Bakka, Leif Moe og uoffisielt æresmedlem Helge Valskår, blei av formannskapet gitt Eldsjelprisen 2016. Nå kan du føreslå kven som skal få prisen for 2017.

Leiar: Finn deg ei eldsjel og frem ein kandidat

Gjennom Eldsjelprisen gir Sauda kommune oss alle ein mulegheit til å vere med å heidra frivillig innsats. Den bør vi nytte oss av.

Tal frå organisasjonen Frivillig Norge dokumenterer betydninga til frivillig sektor.  Arbeidsinnsatsen i de frivillige organisasjonane i Norge svarer til 147 800 årsverk. 61 prosent av befolkninga over 16 år bidrar med frivillig arbeid årleg. Dette er den høgaste andel som er målt på verdsbasis.

Over halvparten av det frivillige arbeidet leggast ned i kultur- og fritidsorganisasjonar, inkludert idrett. Det er rundt 9,2 millioner medlemskap i frivillige organisasjonar i Norge. Det finst over 100 000 lag og foreiningar i Norge. Verdiskapinga i frivillig sektor var i 2014 på 125,5 milliardar kroner.

Her i Sauda ser vi denne innsatsen kvar dag. Frivillige i lag og organisasjonar utfører gratisarbeid som kjem lokalsamfunnet til gode. Det blir bygd idrettsanlegg, og det blir lagt til rette for betre folkehelse og rekreasjonsmulegheiter. Barn og unge får tilbod som gir dei gode oppvekstvilkår, og eldre får ein rikare kvardag fordi frivillige gjer ein innsats.

Utan dei frivillige ville Sauda vore eit fattigare samfunn.

Så det er heilt på sin plass at Sauda kommune deler ut det den kallar for Eldsjelprisen. Frå 1979 til 2009 blei den kalla for Kulturprisen, men namneskiftet har vore med på å gi prisen eit løft. Den tar nå opp i seg fleire typar frivillig arbeid og gir sjansen til å heidra fleire som gjer ein fantastisk innsats.

Dessverre har det frå tid til anna vore få kandidatar til prisen. Ryfylke tok difor i 2016 initiativet til eit samarbeid med kommunen, der lesarane våre får mulegheita til fremme kandidatar på ein enkel måte. Slik er det også i år. Vår oppfordring er at alle fremmar ein kandidat og gir denne prisen endå større status.

Vi treng eldsjelene våre.