Solveig Jordal er ein av fleire som melde seg på då Sauda Bridgeklubb starta opp nybegynnarkurs. Foto: Frank Waal.
Solveig Jordal er ein av fleire som melde seg på då Sauda Bridgeklubb starta opp nybegynnarkurs. Foto: Frank Waal.

Kortspel går aldri av moten

Kursdeltakarane var spreidd frå skulealder til pensjonistalder då Sauda Bridgeklubb starta opp nybegynnarkurs.

– Bridge har eg hatt lyst til å begynne med i fleire år, men det har ikkje vore nybegynnarkurs på lenge, seier Solveig Jordal.

Nyleg var ho og ei handfull kursdeltakarar på plass då Sauda Bridgeklubb starta opp nybegynnarkurs.

– Det blir mykje speling i løpet av kurset, forsikrar kurshaldar Knut Atle Seim, medan han går gjennom ein teoribolk.

For kortspelet bridge består av ein del teori. Spelet liknar på «Amerikanar», men består av eit meldesystem. To personar er på lag. Saman skal dei gjennom meldesystemet prøve å finne ut kor høgt dei kan by og likevel klare kontrakten, eller korleis dei to i lag kan prøve å forhindre at motstandarlaget klarer å ta så mange stikk dei har meldt.

– Dersom du opnar og sit med eitt kort i ein farge. Spel ut dette kortet og håp at makkeren din har esset. Speler makkeren din tilbake i fargen du inviterte i, kan du stele stikk gjennom å trumfe, opplyser Seim.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.