Magnar Birkeland skal ikkje trene A-laget i 2018.

Magnar Birkeland og fotballgruppa er einige om at Birkeland ikkje leier A-laget i 6. divisjon i 2018. Arkivfoto.

Birkeland er ferdig som A-lagstrenar

Magnar Birkeland skal ikkje trene A-laget i 2018.

av Edd Meby

Leiar for fotballgruppa i Sauda Idrettslag, Roger Birkeland skriv i ein e-post til Ryfylke at Magnar Birkeland ikkje held fram som A-lagstrenar kommande sesong.

– Sauda IL fotball og Magnar Birkeland har saman blitt einige om å ikkje fornye hans kontrakt som A-lagstrenar som utløper ved årsskiftet. Gapet mellom Birkelands økonomiske krav og klubbens betalingsvilje er blant fleire, hovudårsaka til avgjerda, skriv Roger Birkeland.

Ryfylke kjem med meir om saka i førstkommande avis, fredag 17. november.