Publikum sette pris på dei vokale prestasjonane Sonor leverte i sin jubileumskonsert, blanda med historieforteljingar frå sine 30 år.

Eigil Arnfred var solist på den danske visa Svantes lykkelige dag. Til avslutning fekk blei han servert kyss på kinnet frå Kjærsti Skorpe, slik teksten fortel at Nina og Svante gjer det, før Svante konkluderer «livet er ikke det værste man har, og om lidt er kaffen klar». Foto: Even Emberland.

Storfamilien Sonor

Publikum sette pris på dei vokale prestasjonane Sonor leverte i sin jubileumskonsert, blanda med historieforteljingar frå sine 30 år.

av Even Emberland

– Ti minutt igjen! Folkens, det er bare ti minutt igjen!

Kjærsti Skorpe ropar på dei andre. Sonor gjer dei siste førebuingane før dei skal på scena og vise fram si jubileumskonsert. Skjønt, førebuingar er fort ei overdriving. Skorpe får minimal respons på ropet, medan kormedlemmene sit og står rundt i ulike grupper. Nokre ser på tekstar og noter, andre lar tankane flyge og snakkar om heilt andre ting enn den første av tre jubileumskonsertar Sonor heldt denne helga.

Det er tydeleg at gjengen har gjort dette før. Her er det vrient å finne nervar, sjølv om ein leitar med lupe.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.