Foto: Edd Meby.
Foto: Edd Meby.

Mann for sin garasje

Familie, fjell og fotball er veldig viktig, men det er ikkje å legge skjul på at Andreas Fløgstad er glad i garasjen sin.

Han kom til verda i 1978 og høyrer til den siste generasjonen som blei fødd på Sauda sjukehus, og det er jo litt å vere kry av. Fløgstadvika har alltid vore heimplassen. Der vaks han opp på småbruket til far og mor, og der har han seinare bygd sitt eiga hus. Eldst av to brør. Faren jobba på smelteverket og mora var lærar.

– Vi lærte oss at arbeid var viktig. Far kom heim frå smelteverket, åt middagen og duppa av i ti minutt i stolen, og så gjekk han ut for å arbeide på garden. Vi skjønte tidleg verdien av arbeidsinnsats, og det er nok noko eg har tatt med meg vidare i livet. Du kjem ingen veg utan det. God ballast, tenker eg.

– Kva verdiar fekk du med deg heimefrå?

– Eg lærte vanleg folkeskikk, trur eg – og vi blei vist tillit. Så lærte eg at slik tillit må du gjere deg fortent til. «Høyr på andre, men tenk sjølv», sa far min – og det kan eg seie til mine ungar. Mykje endrar seg rundt oss, men gamle verdiar gjeld ennå. Du må gi tillit og sette grenser samtidig.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.