Redaktør Edd Meby gir fleire grunnar for at Ryfylke frå 1. januar lukkar alle sakene avisa legg ut på nett, slik at bare dei som betaler for å lese sakene får adgang til dei.
Redaktør Edd Meby gir fleire grunnar for at Ryfylke frå 1. januar lukkar alle sakene avisa legg ut på nett, slik at bare dei som betaler for å lese sakene får adgang til dei.

Alle må betale for å lese Ryfylke

Redaktør Edd Meby skriv om endringar for Avisa Ryfylke frå og med 1. januar.

– Eg vil gjerne smake på den kaka der, seier du til den hyggelege dama på konditoriet.
– Ver så god bare smak, svarer ho.
– Mmmmmmm, den er god, smattar du.
– Vil du kjøpe ei slik kake, spør ho.
– Nei takk, nå er eg passeleg mett, seier du og går.

Ser du for deg at noko slik kunne skjedd i det verkelege liv?

Nei, du gjer nok ikkje det. Det er ikkje sannsynleg at du kan gå inn i ein butikk og forvente gratis varer. Dei som gir vekk varene sine, vil til slutt gå konkurs. Det kostar pengar å kjøpe noko.

Sånn blir det heretter i Ryfylke også.

Frå 1. januar 2018 må alle betale for det dei vil lese, også det vi publiserer på nettsida vår.

Norsk mediebransje er i endring og har vore det lenge. Ei av dei store endringane er at bransjen i større grad tar seg betalt for innhald den tidlegare har gitt bort. Med dei store aktørane i spissen blei det frå starten av ikkje tatt betalt for det digitale innhaldet, mens dei lojale lesarane blei bedt om å betale for nyheitene dei fekk på papir.

Urettferdig? Absolutt.
Lite smart? Garantert.
Berekraftig? Nei.

Så er då ein heil bransje godt i gang med å ta seg betalt og rette opp det urettferdige. Nokre tar seg betalt for alt, andre lar noko av innhaldet framleis vere gratis.

Frå 1. januar 2018 vil Ryfylke ta betalt for innhaldet vårt. Det betyr at det ikkje lenger vil vere muleg å lese korte eller lange artiklar på nettsida vår utan å vere abonnent. Der vil kun bilde og tittel vere synleg. Skal du lese meir må du anten vere abonnent eller kjøpe ei enkel nettutgåve av avisa.

Systemet vil vere enklare og meir rettferdig. For éin pris vil dei som betaler få tilgjengeleg alt innhald frå oss, uansett om vi publiserer det på papir, nett eller mobil. I dag er det slik at det er ein pris for papirabonnementet og eit tillegg for å lese den digitale utgåva. For dei som i dag har begge delar vil den nye løysinga bli billigare. For dei som i dag bare har Ryfylke på papir vil prisen gå opp.

Ryfylke er heldig som har svært lojale lesarar. Det siste året har vi arbeida mykje her på huset for å lage ei betre avis. 

Næringslivet er tilfreds med betre service og nye produkt, slik at dei kan fortsette å bruke oss som ein sterk kanal for marknadsføring.

Vi lagar større avis med fleire sider nå enn for eit år sidan.
Mange lesarar gir oss skryt for å lage ei betre avis.
Vi legg meir vekt på innhald som portrett og reportasjar.
Vi dekker fleire lokale arrangement.
Vi har fleire vanlege saudabuar i avisa.
Det populære magasinet «Vekst» skal vi fortsette med.
Ryfylke skal vere konstruktive når vi kan og kritiske når vi skal.

Difor er det ikkje unaturleg at vi nå legg oss på same prisnivå som våre naboaviser Suldalsposten og Grannar. Vi skal fortsette å utvikle avisa, og vi skal blant anna tilby eit søkbart arkiv med tidlegare utgåver av Ryfylke, i første omgang bakover til 2005, men seinare heile arkivet vårt. Det vil vere ei gåve frå lokalavisa til lokalsamfunnet.

Vi vil i tida som kjem informere godt om denne omlegginga, og dei som har spørsmål må gjerne ta kontakt med oss. Vi skal sjølvsagt bidra så godt vi kan til å gjere overgangen så lett som muleg for de lojale kundane våre. Så håper vi jo at nokre av dei som har lest oss gratis på nett, vil ønske å bli abonnentar.

Vi som jobbar i Ryfylke lover til gjengjeld at vi skal fortsette å strekke oss for å lage eit endå betre produkt.