Kun uttrykningskøyretøy fekk passere ved Svandalsfossen etter at Fylkesveg 520 blei stengt torsdag føremiddag.

OPNA IGJEN: Fylkesveg 520 blei stengt ved Svandalsfossen som ein følge av store nedbørsmengder. Torsdag føremiddag blei det opna for manuell dirigering. Arkivfoto.

Opna for manuell dirigering ved Svandalsfossen

Kun uttrykningskøyretøy fekk passere ved Svandalsfossen etter at Fylkesveg 520 blei stengt torsdag føremiddag.

av Even Emberland

Klokka halv elleve torsdag føremiddag la operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt ut melding på Twitter om at Fylkesveg 520 er stengt for trafikk ved Svandalsfossen.

OPPDATERT KLOKKA 11.13: Vegen blei opna igjen klokka 11.13 torsdag føremiddag, med manuell dirigering på staden. 

– Kun utrykningskøyretøy kan passere. Årsaka til at vegen er stengt, er stor vasstand i fossen, skreiv politiet då vegen blei stengt.

Vegtrafikksentralen vest informerer også om situasjonen på Twitter. Dei skriv mellom anna at eit entreprenørfirma har vakter på begge sider av fossen.