Berit Haustavik visste alltid at det var barn ho skulle jobbe med. Nå er ho styrar i Veslefrikk barnehage for tredje gong. Der stortrivst ho, mellom anna saman med ungane på avdelinga Revehiet. Foto: Even Emberland.

Barnejenta blei vaksen i barnehagen

Alt som åtteåring fekk Berit Haustavik løn for å passe ungar. Sidan har ho alltid visst at det var ungar ho ville jobbe med.

I dag er Berit styrar i Veslefrikk barnehage, slik ho også var det i 1981. Styrarjobben har ho hatt i tre etapper, mellom anna etter at ho i 2004 brått mista jobben som barnehageleiar i kommunen.

Kommunen sin økonomi var under sterkt press, og politikarane såg ikkje ein annan veg gjennom uføret enn å fjerne 18 årsverk. Blant dei var stillinga Berit hadde hatt i nesten 15 år. Ikkje skulle ho omplasserast heller, og plutseleg stod ho utan arbeid.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.