Det tradisjonelle årsskriftet til Sauda sogelag blir gitt ut for 37. gong. Foto: Even Emberland.
Det tradisjonelle årsskriftet til Sauda sogelag blir gitt ut for 37. gong. Foto: Even Emberland.

Årsskrift i ny form og farge

Redaktør Roar Lund er spent på korleis Sauda sogelags årsskrift blir tatt imot.

Årsskriftet til Sauda sogelag er for mange ei tradisjonell julegåve eller eit fast kjøp. Redaktør Roar Lund og skribentane har sett saman ei rekke historier, opplysningar og forteljingar som kan vere til interesse for saudabuar og andre. Nytt av året er forma og fasongen årsskriftet kjem ut i. Boka er breiare og ørlite lågare enn tidlegare.

– Du kan seie at det er dristig å lansere ei heilt ny form og design for boka. Me vil at bilda i større grad er med og fortel historiene. Me håpar at lesbarheita blir betre med dette grepet, og at det også kan freiste fleire til å lese og bla i den, seier Lund.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.