At 13-åringar rusar seg og har sex sjokkerer både politiet, her ved lensmann Siri Fisketjøn Indrebø, skuleverket og foreldre.

Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø opplyser at etter kvart som politiet ved Sauda lensmannskontor etterforska saka, blei den meir og meir omfattande. Foto: Edd Meby.

Overgrepssaka: Lensmannen ber foreldra følge med

At 13-åringar rusar seg og har sex sjokkerer både politiet, her ved lensmann Siri Fisketjøn Indrebø, skuleverket og foreldre.

av Ingvil Bakka

– Ikkje legg forholda til retta slik at ungdommar har heile helgar utan oppsikt og grenser. Gjer det vanskeleg for dei, oppmodar lensmann Siri Fisketjøn Indrebø.

I sist veke blei ein nå 24 år gammal mann dømt til fire års fengsel for å ha forgripe seg seksuelt på seks unge saudajenter. Dei to yngste var bare 13 år då overgrepa skjedde i 2014. Dei fleste av overgrepa skal ha skjedd i mannen sin bustad, der han serverte jentene alkohol først. Sakene handla om både samleie, oralsex, analsex og gruppesex.

Saka blei etterforska av Sauda lensmannskontor, og blei etter kvart som nye jentenamn dukka opp undervegs, ei omfattande og stor sak. Lensmann Siri Fisketjøn Indrebø innrømmer at saka sjokkerte henne.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.