Partiet vil setta av seks millionar kroner i 2018-budsjettet til å få på plass ei løysing i Grønsdal-krysset.

Høgres Knut Atle Seim og Solfrid Seim Nilsen ønsker fortgang i å få på plass ei trafikksikker vegløysing i Saudasjøen. Dei meiner kommunen må bidra med forskotering for å rydda vekk denne hindringa som stoppar viktige utviklingsprosjekt i området. Foto: Ingvil Bakka.

Høgre vil prioritera problem-kryss

Partiet vil setta av seks millionar kroner i 2018-budsjettet til å få på plass ei løysing i Grønsdal-krysset.

av Ingvil Bakka

– Rådmannen har i budsjettet for 2018 sett av 500 000 kroner til arbeidet med å finna ei løysing i saka. Klarer ein det, blir det for dumt å ikkje kunna begynna på jobben  Høgre meiner det må settast av pengar til dette alt i budsjettet for neste år, seier Knut Atle Seim, gruppeleiar for Sauda Høgre.

Det er fleire hytte- og bustadprosjekt i Saudasjøen på gang. Statens vegvesen har satt ned foten og sagt at dei ikkje ønsker nye store prosjekt før ei betre kryssløysing ved Grøndal er på plass. Dei nye utbyggingsprosjekta i Nordstøldalen, ved Nestjødnane og på Teien vil medføra betrakteleg meir trafikk i Grønsdal-krysset.

Vegvesenet meiner krysset ikkje er trafikksikkert nok til dette, og krev ei ny og tilfredsstillande løysing i området ved fylkesvegen mellom Nesbrua og Nestunnelen før prosjekta kan tas vidare.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.