Kapellet og det gamle skulebygget i Hellandsbygd er blant infrastrukturen Saudefaldene har hjelpt til med å drifte. Sverre Allmenningen og dei andre innbyggarane i Hellandsbygd meiner kraftprodusenten ikkje bør vere for ivrig med å ”trekke seg ut”. Foto: Frank Waal.

Hellandsbygd ber Saudefaldene vere smidige

Saudefaldene har tatt seg av den offentlege velferden i Hellandsbygd. Nå ønsker innbyggarane at Sauda kommune prioriterer Hellandsbygd, samtidig som at Saudefaldene blir med på ein smidig overgang.

På same måte som den amerikanske fabrikkeigaren EFP bygde opp infrastruktur i Sauda, og særleg i Åbøbyen, har Saudefaldene bygd opp infrastrukturen i Hellandsbygd. Men det er lenge sidan smelteverket slutta å drifte velferdstilbod i Sauda. I Hellandsbygd derimot er det Saudefaldene som framleis har ansvaret for fleire velferdstilbod.

Saudefaldene eig og driftar eit reinseanlegg for kloakk, dei driv vassverket i Hellandsbygd, dei eig samfunnshuset, dei har sørga for at Hellandsbygd har eit brannvern og dei har sommarvedlikehaldet på vegen frå Øverland til Slettedalen. I tillegg har dei betalt straumrekninga til det lokale bedehuset og dei har sørga for fotballbanen.

Men om 12-13 år går konsesjonen til Saudefaldene ut.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.