Frå laurdag ettermiddag og 24 timar framover kan det falla opptil 100 millimeter nedbør.
Frå laurdag ettermiddag og 24 timar framover kan det falla opptil 100 millimeter nedbør. FOTO: Arkiv.

Fare for nytt ekstremvêr i Sauda

Lågtrykk treff Vestlandet og Sauda med mykje nedbør.

NVE har sendt ut varsel om høg snøskredfare i varslingsregionen Hardanger, som Sauda er ein del av. Det fell saman med at NVE har sendt ut fleire varsel om snøskred, jordskred og flaum i både Rogaland og Hordaland.

NRK skriv måndag ettermiddag at det er indre og midtre strøk av Rogaland og Hordaland som får mest nedbør. Tysdag er det venta opp mot 200 millimeter nedbør i løpet av 24 timar. Onsdag varslar Meteorologisk institutt opp mot 100 millimeter nedbør, medan det torsdag er venta opp mot 60 millimeter nedbør.

Dermed er det også fare for at den strålande starten på vintersesongen forvitrar, for det er venta milde temperaturar samanlikna med kva som er normalt i desember i Sauda.

– Me vil få eit vindfelt som legg seg vest og sørvest rett på Vestlandet og gir veldig fuktig og mild luft. Det blir 8-10 grader i låglandet, og snøgrensa vil stige til 1500-2000 meter. Sjølv på Finse vil det bli periodar med plussgrader, seier meteorolog Martin Granerød til nrk.no.

Måndag ettermiddag var vêrvarselet eit Fase A-varsel, som betyr at lågtrykket kan medføre farleg vêr og utvikle seg til ekstremvêr.

Torsdag for snautt to veker sidan blei Fylkesveg 520 stengt som ein følge av store mengder vatn i Svandalsfossen.